Husdyrparken i Bordalen
Besøk Husdyrparken i Bordalen og sjå gamle norske husdyrrasar på nært hald. Du kan delta i foring og gardskonkurranse, eller berre slappe av med ein økologisk is i kaféen.
Parken vernar om gamle norske rasar av husdyr som sauer, kyr, geiter, grisar, høner og kaniner.
Her er òg eit mini-museum med gamle reidskapar.
Parken har mellom anna:
- Foring av dyr (Sjå dagsprogram)
- Besøksfjøs
- Trøtraktorar
- Klatrevegg for små
- Gardsquiz
- Enkel kafé
Open alle dagar kl. 11.00–18.00 i perioden 20. juni – 20. august
Prisar:
Vaksne: kr 120
Born: kr 85
Honnør: kr 100
Kontaktinfo:
Norske Husdyr AS
Tlf. 466 34 268
www.husdyrparken.no